Sunday 8 November 2009

Ferdaminne frå sommaren 1985


Old town hall, Prague
Originally uploaded by razumny
Haldis Moren Vesaas

Vi har fått rom i 2.etasje.
Da er det vel ingen vits
i å ta heisen?

Sei ikkje det.
Vi tar alltid heisen, opp og ned.

Innestengd i den vesle boksen
blir vi med eitt
så inderleg to-eine
at vi alltid må kysse kvarandre
så snart heisen set seg i gang.

Korleis det er inni deg
den blunken det varer
veit eg ikkje.

Men inni meg boblar kvar gong
ei lita spenning:
Rekk vi det?
Rekk vi det før heisen stansar
og vi må ut?

Og jammen rekk vi det
gong etter gong etter gong.

Vi tar alltid heisen.

2 comments:

  1. Det diktet er fint. Hjemme pleide vi å ha eit anna dikt, som også hette Ferdaminne, hengende på veggen.

    ReplyDelete
  2. Nei; dere hadde samme dikt. (Hang i en ramme sammen med et bilde av togspor, og et annet av en robåt så vidt jeg husker)

    ReplyDelete